Elevbedrift: Natur,Kultur & Media,
Gloppen Ungdomskule
EIT VARMARE OG VILLARE BREIM?
Dette var overskrifta på Temadagen som bygdeutviklingslaget i Breim arrangerte i Breimshallen 5. januar 2008.
Natur, kultur og media EB var der med utstilling av eige arbeid og power - point visning.
Seks aktørar frå bedrifta stilte i Breimshallen denne laurdagen.
Under den munnlege presentasjonen for glopparane i salen og innleiarane Heidi Grande Røys, Georg Arnestad, Agnes Landstad og Arvid Andenæs, fekk Ane og Erik fortelje litt om arbeidet i bedrifta.
Dette å bruke ein laurdag, er heilt i tråd med den måten dei jobbar på.
Mykje av arbeidet gjer dei på fritida.
Arbeidet blir presentert gjennom lokalavisa Firda Tidend og på denne nettstaden + www.geoatlas.no , på bedriftsmesse og foreldremøte (for å nemne nokre arena).
Dei fine krusa som vart nytta som gåve til dei før nemnde innleiarane, var produsert av Eurofoto med motiv og logo frå elevbedrifta.
Det er kjekt at dei blir lagt merke til og at dei får respons på det arbeidet dei gjer.
Lokalmiljøet som brukar dei, gjev såleis ei tilbakemelding på at dei vil satse på ungdomen.
Ein skal ikkje sjå borti frå at nokre av desse ungdomane kan kome attende til bygda si og etablere seg om nokre år.
Svein Hjelmeset
Gåve til innleiarane