Elevbedrift: Natur,Kultur & Media,
Gloppen Ungdomskule
Elevbedrift frå Gloppen fekk entreprenørskapspris
Det vart også i år som i fjor, ein velfortent pris til Natur, kultur og media EB ved Gloppen ungdomsskule. I år vart vi vinnarar av:
Beste Lokalssamfunnsprosjekt under bedriftsmessa til ungt entreprenørskap i Førde.
Dette sa juryen om bedrifta:
Vinnarbedrifta viser godt samarbeid
med lokale lag og organisasjonar.
Det er eit kunnskapsbasert
prosjekt som profilerer lokalsamfunnet
på ein framifrå måte.
Denne bedrifta hadde god
kunnskap om produkta sine og
kommuniserte godt, til og med
på fleire språk, sa dommarane
under premieutdelinga.
Dette seier skulestova.no om bedrifta:
Klikk»
Kristian Reed og Anders Holvik frå 9. klasse, Erik Slagstad og Matias Urke frå 10. klasse representerte bedrifta i Førde onsdag 13. februar på ein framifrå måte. Dei gjorde for andre år på rad ei god framføring for publikum og dommarar + at dei hadde ei stor utstilling av produkta til bedrifta. Det står også andre elevar bak det daglege arbeidet i bedrifta. I alt er det 16 tilsette.
Som det framgår av dommarane si grunngjeving, snakka Erik engelsk då han presenterte arbeidet sitt med omsetjing og artikkelskriving. Kristian har omsett artiklar til tysk, så han formidla dette til dommarane på tysk.
Det er litt artig at vi får pris for beste lokalsamfunnsprosjekt, samstundes som vi driv med internasjonalisering, og har kontakt både i Skottland og New Zealand. Sjølv om det kan sjå ut som om spranget mellom det lokale til det internasjonale er stort, må nødvendigvis det lokale og kjende liggje i botnen. På Geoatlas har vi mykje lokalt stoff. Dette vert no formidla på fleire språk, slik at ein kan nå turistar som kanskje vert interessert Gloppen.
Arbeidet til bedrifta er lagt merke til langt utover Gloppen. I ein 55 siders rapport om Bukta fuglefredingsområde, var det vist til elevbedrifta sine artiklar om fugl i området. Etter det har vi og fått den store tilliten frå Fylkesmannen til å ha ansvar for fugleteljing gjennom heile året i fredningsområdet.
Både eg som kontaktlærar og Ola Bergheim som mentor, er svært godt nøgde med arbeidet elevbedrifta gjer. Gratulere så mykje med prisen til alle 16.
Svein Hjelmeset
Kristian snakkar tysk til
dommarane. Han har starta
med å omsetje artiklar til tysk.
Erik fortel på engelsk
kva han har gjort
av omsetjingar og artikkelskriving
Mentor Ola Bergheim tek
seg ein velfortent pust i bakken
Anders fortel om elevbedrifta
til ein av dommarane
Frå utstillinga