Elevbedrift: Natur, Kultur & Media,
Gloppen Ungdomskule


Fugletårnet er på plass




Fredag 25. april, vart det ferdige fugletårnet som stod på Gloppen Ungdomsskule flytta. Flyttinga starta kl. 8, og om lag 08.30 starta turen ned til flyhangaren ved Store-elva(Gloppeelva). 3 bilar køyrde ned, Kranbilen med tårnet, Vaktmeisteren Paul-Rune sin bil og ein annan. Av elevar frå elevbedrifta var Anders og Matias også med.
For å få tårnet heilt beint, måtte Vaktmeisteren og dei andre legge eit godt fundament, ved hjelp av plankar. Opninga av fugletårnet vart sett mot Storebrua. Kl. 09.10 var det ferdig oppsett, klart til bruk.